Hjem   |  Prosjektet   |  Hjelp   |  Takk til   | Tips   | Kontakt oss   |

 Folkeminnesamlingen

 Kulturkalender

 Billedgalleri

 Lenk denne siden

 Ekstra
 Send postkort


 Våre andre sider:


 Foreningen Forn Sed

 Medieomtaler

 Ni Heimer
 

 

Huldrefolket
Johan Tufteland; 'Gamal tru og åtferd' i Sunnhordland årbok 1967.

Huldakadlen hadde kvite sokkar, svarte bukse, raud skjorte og raud topphuve. Han var alltid utstaffert med svært mykje sølvstas, søljer og spenner så det berre glimta og lyste av han.

Hulda hadde eit sauma sylkjeband om hovudet og håret, valk på jakken, raude sokkar og raud stakk.Kom ho med den raude stakken, var ho ikkje god å møta. Men gjekk ho med kvitt forkled over stakken, var ho i godlag. Dei høyrde ringlinga av sølvet hennar når ho var i anmarsj.

 Øverst på siden

Foreningen Forn Sed 1999-2002