Hjem   |  Prosjektet   |  Hjelp   |  Takk til   | Tips   | Kontakt oss   |

 Folkeminnesamlingen

 Kulturkalender

 Billedgalleri

 Lenk denne siden

 Ekstra
 Send postkort


 Våre andre sider:


 Foreningen Forn Sed

 Medieomtaler

 Ni Heimer
 

 

Åsmund Frægdegjæva
Trollvise fra Seljord
Tatt fra boken Norske folkeviser gjennom tusen år.

1. Det var Irlands konge bold han tala til sine menn.
"Kven skal nord i Trollebotnen og henta mi dotter heim?"
- Der er in - gen da - gen. -

2. Farne er no so mange
fræge drengjer og fride;
ingen av dei er komen atter,
no kann eg 'kje lenger bie.
- Der er ingen dagen. -

3. "Høyrer du Åsmund Frægdegjæva,
du er den frægast i londom,
du skal nord i Trollebotnen
og løysa mi dotter or vondom."

4. "Vil du gjeva meg dotter di,
den vene fru Ermelin,
so fer eg nord i den skume heimen
som ikkje soli skin."

5. So vatt dei upp det silkeseglet
høgast i seglerå;
dei skulde ikkje på bunken strjuka
fyrr dei Trollebotnen såg.

6. Åsmund kasta den kufta blå,
tok på ein fillute flange;
han totte kufta var hoste god
i trollehender å gange.

7. Åsmund gjekk i den fyrste halli,
der var so underleg vore:
dukane var utor blodet dregne,
og ormane spela etter bordet.

8. Som han kom i den andre halli,
han var i så mykjen våde;
gandekjeret på golvet stod,
og småtrolli yver det råde.

9. Som han kom i den tridje halli,
der munde han betre lika;
der var vene sengjer uppreidde
og breidde med silke kvite.

10. Der var vene senger uppreide
og alle med lakan lagde;
han kasta seg i eine kvila,
der sovna guten snjalle.

11. Inn so kom det vene viv
som Åsmund vilde vinne;
ho ha' hår som spunne gull
og vippa i silketvinne.

12. Ho ha' hår som spunne gull
og vippa i silkeband.
Åsmund uppatt or sengi sprang

13. "Slepp meg, slepp meg, Åsmund,
du haldt ikkje meg i fang!
Kjem ho inn, sæle moder mi,
ho et upp kvar kristen mann."
- Der er ingen dagen. -

15. Inn so kom den skumegygri,
lunsar ho inn på tilje:
"Kva er det for eit tekjebarn,
som held'e mi dotter fride?"

16. "Den som kallar meg tekjebarn,
skal ei etter vondo leita.
Men kalla meg Åsmund Frægdegjæva
so vil denne guten heita."

17. Det var Asmund Frægdegjæva,
hogg han til med avle,
hogg han til den skumegygri,
so odden stod i hennar navle.

18. Som han kom i den fjorde halli,
der var ingen vande;
der sto fagran fljotan folen,
kipen og kåt i bandet.

19. "Tak deg no både sylv og gull,
so mykje som du kan tina,
du set deg på mitt breide bak,
me skal yver havet rida."

20. Som han kom i den femte halli,
han var i hugen so vill,
hogg han sund'e dei kringlebordi,
det skrangla i kvar den ring.
- Der er ingen dagen. -

21. Hogg han i hel alle bergtrolli
som han fyre augo såg;
so reiste han utor Trollebotnen,
der flaut med blod og våg.
- Der er ingen dagen. -

22. Kongen han stend i høganlofts svali
og ser han seg ut so vide:
"No ser eg Åsmund Frægdegjæva
og fljot-folen under han skride."
- Er det ikkje dagen? -

23. Kongen han stend i høganlofts svali
og leikar med dronningi si:
"No ser eg Åsmund Frægdegjæva
med fagraste dotteri mi."
- Er det ikkje dagen? -

Emnet i denne visa finner en igjen på Island. Den går tilbake til den første kristningstiden i Norge, med fortellinger fra kristningssagaen, og sagn om bl. a. Olav Tryggvason. Olav Tryggvason gjorde en kristnings­ferd til Hålogaland. Der kom det en hevngjerrig trollkvinne til ham, Targjer Hukebrur. Denne jotunkvinnen er egentlig Torgerd Holgabrur som var ættegudinne for ladejarlene.
Frægdegjæva = flink til å vinne frægd, ære, ros.
På bunken strjuka = la seglet falle ned på dekket­
Hoste = altfor.
Snjall = modig.
Gandekjeret = heksekjelen.
Tekjebarn = barn en har tatt til seg: Uten ætt.
Kvila = seng.
Skal ei etter vondo leita = trenger ikke lete etter vansker.
Kringlebord = bord med ringer på kanten.
Våg = materie (fra sår).

 Øverst på siden

Foreningen Forn Sed 1999-2002