Folkeminnesamlingen
Kulturkalender
Billedgalleri
Lenk denne siden
Ekstra
Send postkort
Våre andre sider:
Foreningen Forn Sed
Medieomtaler
Ni Heimer
|
Hushald og Levevis
Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.
Det syner på buet kva bonden er.
Lite hus er lett å fylla.
Liten buskap gjev liten avdrått.
Der mykje er avla, er mykje øydt.
D’er kvar dag etardag, men ikkje kvar dag fiskardag.
Dagane er mange, og måla er fleire.
Maten er halve føda. (Drykken er hin halvparten.)
Gullpenning er aldri så raud, han ei lyt ut for braud.
Den som et lengst, han lever lengst.
Hungeren er beste kokken.
Det følgjer modløyse med matløyse.
Svange kalvar gløymer å springa.
Mett mann lovar å fasta.
Mett mage må vel rosa fasta.
Ein skal fø seg og ikkje gjø seg.
D’er ilt å eta meir enn ein melter.
D’er leitt å leva for berre maten.
D’er kort fagnad som fer ned gjennom halsen.
Når musa er mett, er mjølet beiskt.
D’er lett å vanda når anna er til handa.
Det smakar søtt som sjelden bydst.
Det talar alle om drykken og ingen om torsten.
Sterk øl gjer store ord.
Drykken talar og mannen teier.
Det dett fleire av drykk enn av torste.
Han er tidleg oppe som vaker heile natta.
Svevnen er ein stor tjuv; han vil stela halve tida.
Den som er seint i seng, er seint oppe.
Måteleg kvilt er ikkje spilt.
D’er betre å kle seg vel enn frysa i hel.
Ille kledd er stundom frosen og stundom hædd.
Som du vørder kleda, så vørder dei deg.
Kle deg som dei fleste, og lev som dei beste.
D’er betre full mage enn fager krage.
D’er betre mat enn måla vegg.
Den som byggjer for stort, han bur i huset for kort.
Heilt og reint er største stasen.
Kvar dags brud er heildags su.
D’er ilt å vera aud når inkje er å få.
D’er godt når endane nå i hop.
D’er betre for fullt enn for tidleg tomt.
D’er god råd med den pølsa som er for lang.
D’er lettare å skjera frå enn skøyta på.
D’er betre tørr mat enn tomt fat.
D’er betre små fiskar enn tomme diskar.
Der inkje er, ein inkje fær.
D’er snart å tømma som tomt er.
D’er uvandt å ausa der det sig att-i.
Alle moner dreg.
Mange bekker små gjer ei stor å.
Ein sup i senn: det tømmer ei tynne med tida.
Den som gøymer i nøgda, han har i nauda.
D’er seint å sanka og snart å øyda.
D’er betre å spara lite enn øyda mykje.
D’er best å spara frå loket; d’er seint når ein ser i botnen.
Ein vert inkje til mann av det ein tener, men av det ein sparer.
Den som ikkje gøymer ein klut, han får ikkje silkeduk.
Den som ikkje sparer skillingen, får aldri dalaren.
Spara skillingen og spilla dalaren er ein klen rekneskap.
Det som ikkje trengst i år, det trengst eit anna år.
Det ein sparer frå sin munn, det er katt og hund.
Den som sparer til natta, han sparer til katta.
Mykje vil ha meir.
Det skal mykje til nok og endå meir til for mykje.
Sekk utan botn er sein å fylla.
Gjerug mann vert ikkje mett før i molda.
Den som knip att handa for hardt, får aldri noko i henne.
Det har mange for mykje, men få tykkjest ha nok.
Han er sæl som med sitt er nøgd.
Ein skal vera nøgd om ein ikkje får fanget fullt.
D’er vel fiska om ikkje farmen er full.
Den som vil det vesle forsmå, skal ikkje det store få.
Han er ille faren som aldri kan una.
Den gjer mykje godt som ikkje noko vondt gjer.
Kvar fugl syng med sin nebb.
Ei lita hand kan gjera stor hjelp.
D’er mang ein lang og lat, og mang ein liten og kvat.
D’er leitt ha sterke armar og inkje te gjera.
Verjelaus mann er vonarlaus.
D’er betre ei ukvass øks enn inga.
Ein syr ikkje silkepung av hampegarn.
Det som er skapt til skilling, vert aldri dalar.
Det som gagnar, er godt nok.
Når det beste kjem, må det gode vika.
Når sola skin, skøyter ingen om månen.
Han et ikkje borte som brød har.
D’er ilt å stø seg på ein broten stav.
D’er ilt å ro når åra er av.
Ureint vatn sløkkjer òg ein brann.
I svolten er det svarte brødet søtt.
D’er inkje så gale, det ei godt til eitkvart.
Når grinda står open, er garden unyt.
Det veks ikkje aks på alt som sått er.
Det går ikkje alt fram som freista er.
Ein skal ikkje klå der det ikkje kleiar.
Kappspringa med kalvom og kjekla med kjerringa er fåfengt.
D’er leitt å gå vegen og gløyma ærendet.
Pløya og inkje så, fria og inkje få, og sigla med ingen vind, er tre gagnlause ting.
D’er lett å vera god når det inkje kostar.
Det er lett å vera kar når det ingen er å kappast med.
Den einøygde kallen er konge blant dei blinde.
Kråka er beste fuglen der ikkje fleire finst.
D’er vondt å få det alle vil ha.
D’er vondt å få vogn der alle vil aka.
Tid og tilfelle har ingen i handa.
Ein vinn meir i ein heppen time enn i ti års teneste.
Det renn mykje vatn medan møllaren søv.
Børen blæs om ikkje siglaren ser det.
D’er ikkje vandt om høy i slåtten.
Den som tek når det bydst, han har når det ikkje bydst.
Ein skal bøya treet medan det er mjukt.
Ein skal skjera medan skjært er.
Ein skal hamra jarnet medan det er heitt.
D’er leitt å ha valet og ta skalet.
D’er leitt å stå i lyset og mørkja seg sjølv.
Det kan ikkje alle få største stykket.
Kor vinden blæs, er det ein som får andror.
D’er inkje tre så reint det ei har ein kvist.
Ein får ikkje kasta kornet bort om d’er anger i.
Ein god hest er ikkje vanda for eitt lyte.
Ein lyt lida røyken for elden skuld.
Den som strevar åleine, han et åleine.
Ein kan ikkje både gifta dotter si bort og ha henne heime.
Ein kan ikkje ha både rømmen og smøret.
Det eine gode kaster ikkje det andre ut.
Det er alt godt som er ein til bate og ingen til skade.
D’er godt ha vinnings vona.
Når det regner på presten, så dryp det på klokkaren.
Det hjelper lite at kua mjølkar, når ho spenner bytta i koll.
Det ein vinn, det taper hin.
Ein manns skade er stundom annan manns bate.
Det er ingen ting så gale det ei er godt for noko.
Han spelar best som vinn.
Ein skal ikkje gjera seg til bikkje for eit beins skuld.
Når kua har mist rova, så ser ho kva ho dugde til.
D’er inkje mist som inkje er sakna.
Han misser inkje som inkje har.
Han misser mest som minst har.
Den som inkje vågar, han inkje vinn.
Den som vågar, han anten vinn eller taper.
Hugheilt våga er halvt vunni.
Ein skal ikkje våga alt på eitt kast.
Ein leikar så lenge med katten at ein får kjenna klørne hans.
Fluga flyg så lenge om lyset at ho brenner vengene av seg.
D’er vissa ein har og vona ein får.
Ein veit kva ein har og ikkje kva ein får.
Fuglen er ikkje fanga med det at han er funnen.
Ein fugl i handa er betre enn ti på taket.
Rosa ikkje fisken før han er på disken.
Ein skal ikkje selja huda av bjørnen før han er skoten.
Ein skal ikkje rosa dagen før enn kvelden er komen.
Ein skal ikkje kasta dei gamle skorne før ein har dei nye.
|