Fram dansar ein haugkall, fager og blå,
med gullring om håret som fløymer;
han giljar for Veslemøy til og frå,
og tonar ikring honom strøymer.
Å hildrande du!
Med meg skaldu bu;
i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu.
Um dagen er eg den brune bjørn,
som bykser i skogane vide
og laugar mitt ragg i djupaste tjørn
og vassar i straumane stride
og leikar i strand
og rår yver land
so langt som ditt auga det timja kan.
Men når det lid til midnettes bel
og dagen i haug er gjengen,
då høyrer du klunk og yndeleg spel
som linnaste lokking frå strengen;
då kjem eg til deg
frå villande veg
og søv i din arm til du vekkjer meg.
Men skal du sitja Blåhaug brur
i silke og sylv so det bragar
og aldri kjennest så eller stur
i alle dei levedagar.
Å hildrande du!
Med meg skal du bu,
i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu.