Hjem   |  Prosjektet   |  Hjelp   |  Takk til   | Tips   | Kontakt oss   |

 Folkeminnesamlingen

 Kulturkalender

 Billedgalleri

 Lenk denne siden

 Ekstra
 Send postkort


 Våre andre sider:


 Foreningen Forn Sed

 Medieomtaler

 Ni Heimer
 

 

Jol
Folkeminne fra Modalen i 1928 Andreas Leiro (1892-1977).

Dei hadde slik fyregjerd til jol fyrr. Uti desember tok dei barkaskinni or borken og hengde dei på skykkjeveggen og på stenger i mykhuset. Det var dei fyrste visner til jol. Når skinni var turre, vilde dei gjerne ha frost på dei; då vart dei mjukaste. So var det til å reida dei og laga brøker; for ei skinnbrok måtte alle ha til jol. Eit anna jolemerke var det når du såg ølkaggane var komne ut under dropaslaget.
Vetlajolafta for me til og vart fegne; for Storajolafta dreiv me kje med det vanlege arbeidet; då var det berre å få alt i skikk som det skulde vera til kvelden kom.
Jolaftan morgonen byrja dei tidleg å slipa. Slipesteinen tok dei inn i stova. Alle bitjarn, øksar og knivar skulde slipast upp, bròtøksar og klakøksar òg. Dei skulde ogso vera i smia den dagen. Helst var det knivar dei måtte laga, for til jol skulde alle, ogso ungane ha kvar sin kniv. Sume tider fekk det hjelpast med treknivar. Dei bruka knivane til å eta med i joli; det hadde dei ikkje andre tider.
Jolafta skulde dei kjøra myk; det vart større avling då, sa dei. Den dagen måtte det berast inn ved so det rakk yver joledagane, og vatn måtte dei heller ikkje bera joledag.
Rokkane skulde ut i joli og vart henta innatt fyrst etter nyåret. Men fyre jol la dei eit jolarokklag som skulde stå joli yver.
Jolafta for dei og satte tjørekrossar på alle dører, men helst i floren. På Grønhaugen var det eit jolafta dei ikkje hadde sett kross på flordøri. Um morgonen då dei kom inn, var det eit stort svart ryte innafor døri. Dei spadde av golvet i stova og vaska veggene. Etterpå krita dei ei krokrand på øverste umfaret. På golvet strødde dei småhakka sprake.
Til jol var det òg jamt ein grand bybrød. Dei kjøpte valknutar og flettakringlor i byen um hausten. Det var laga rikeleg med lutefisk, for det var mange klingakveldar i joli. Han var ferdig jolafta. Dei var i floren og gav beisti smaka joleølet, kyrne og uksen. Far hans Store-Joans på Eide bar kvart jolafta ei kjengje med øl burt på ein åker som heitte Smiklonæ. Det var beste kornåkeren. Eit jolafta eg var åtte år såg eg han kom med ei ølkjengja og slo utyver der.
Jolafta fekk me so god ein mat. Til nons var det spikelaks, brød og øl. Når alle hadde vore i såen, åt me til kvelds. Alle skulde lauga seg. Dei hadde ein stor så som stod attmed skorsteinen. Dei la ei øks framfor såen som dei steig på når dei gjekk i og or. Fyrst lauga husbonden seg, so drengjen, matmori, ungane og tilsist tausi. Med same husbonden steig i såen, skulde drengen vera ute og skjota. Ein høyrde på skjotingi kring gardane når laugingi byrja. Når dei kom or lògi, fekk dei kvar sin dram. So bytte dei reint og tok besteklædi på seg. Alle hadde noko nytt, mannfolki fekk skinnbrøker.

 Øverst på siden

Foreningen Forn Sed 1999-2002