Folkeminnesamlingen
Kulturkalender
Billedgalleri
Lenk denne siden
Ekstra
Send postkort
Våre andre sider:
Foreningen Forn Sed
Medieomtaler
Ni Heimer
|
Om julegeita
Leserinnlegg i avisen Driva, 13/12 1975.
Som lita jente lærde eg ein gong ei gamal regle om julegeita. Skal ein døma etter stadnamn i denne regla, stammar ho truleg frå Halsa, Tustna, Surnadalen eller distrikta der omkring.
Diverre har eg gløymt mest heile greia, berre nokre strofer sit att, og dei er slik:
- å di håinna, å dein tåinna,
va stør einn både Hjelmen
å Fåinna.
Å di kløn å di labbainn,
va stør einn både Tustna
å Stabbainn.
Det må vore litt av eit monstrum av ei julegeit!
Eg lærde denne regla av oldefar min. Han var frå Nord-Tustna. Men ein av bestefedrane hans att kom frå Todalen i Stangvik, så det er godt mogleg at dette julegeitrimet stammar derifrå og kom til gards med han.
Eg har god lyst til å lære resten av regla og om det da er noko meir. Og dersom det blant "Driva" sine lesarar er nokon som kan denne gamle regla om julegeita, hadde det vore gildt om ein kunne få ho på trykk i avisa.
Hjelmen, Tustna og "Stabbainn" er ellers namn eg kjenner til, men kvar ligg "Fåinna"?
|