Hjem   |  Prosjektet   |  Hjelp   |  Takk til   | Tips   | Kontakt oss   |

 Folkeminnesamlingen

 Kulturkalender

 Billedgalleri

 Lenk denne siden

 Ekstra
 Send postkort


 Våre andre sider:


 Foreningen Forn Sed

 Medieomtaler

 Ni Heimer
 

 

Draugadansen
Nils Steinar Våge, Austevoll, febr. 1998.

Når fiskarane var på havet og fiska, hende det ofte at det bles opp til uver på kort tid. Vart vinden for sterk, kunne det vera farefullt å segla, for då kunne ein risikera å kollsegla. Karane sette seg difor vanlegvis med årane og baska seg til lands.
Når slike uventa stormar sette inn, gjekk kvinnene og barna opp på haugane og såg etter om båtane kom innover i roket. Det hende at dei såg båtane vart brotne ned av brotsjøar, og at både brør og fedrar drukna.

Men folk fekk ofte varsel om at nokon skulle koma bort på havet. Ei gamal kone som budde i Stolmavågen, kjende på seg når uventa stormar skulle koma. Då sette ho seg på haugen opp for stova si og såg mot eit lite, flatt skjer som ligg på andre sida av Stolmasundet. Såg ho at draugen dansa på skjeret, var det eit varsel om at fiskarar skulle koma bort på sjøen neste gong det vart uver. Likevel høyrde dei ikkje på denne gamle kjerringa sjølv om det gong på gong gjekk slik som ho hadde sagt. Grunnen til at fiskarane trassa spådommane, var at folket var så avhengig av den inntekta som fisket gav. Skjeret har fått namnet Draugadansen.

 Øverst på siden

Foreningen Forn Sed 1999-2002