Hjem   |  Prosjektet   |  Hjelp   |  Takk til   | Tips   | Kontakt oss   |

 Folkeminnesamlingen

 Kulturkalender

 Billedgalleri

 Lenk denne siden

 Ekstra
 Send postkort


 Våre andre sider:


 Foreningen Forn Sed

 Medieomtaler

 Ni Heimer
 

 

Jutulen og havmannen
Et sagn fra Austevoll.

I Storafjedle budde ein jutel so dei kalla Sjaden. Han va so fæla store at ‘an konne stå med eine foten på Storafjedle å den andre på Tysnessåto. Soleis sto han stondo å fiska mæ troa, å då va den so långe at han fiska på Troben, da e den yste fiskjehamrnaren utanfor her.
Men stondo gjorde han seg liten åg, å då va han jamt i båt å fiska på have. Ein gång va han ute ei julafta. Då han rodde utette om måraden, vart 'an vare en fugl so følde ett' an. Dednene fuglen helt seg attmed båten heile dagen, å om kvel'en då han rodde heimatt, føld’ an mæ då åg. Men då han steig på land, vart fuglen til ein mann. Dedne man’n spore om an konde få vera hos Sjaden med julæ. Sjaden va’kje mota på da førsta, men te slutt gav av han no lov.
No hadde Sjaden ei bøssa so hång onde takje idn i stovo, å dedna bøsso vart den framande so redde, å han ba Sjaden om at han måtte ta ne vekk. Men meinte at hu konde hånga. Den framande jamra seg øve dedna bøsso, men Sjaden lest ikkje haura.
Då han sku reisa, ba han Sjaden på gjestabo te seg igjen. Sjaden spore då kor han budde. Jau, han budde i Håkelboden. (Ligg midt uti innlaupet til Selbjørnfjorden.) Dar sku vel vera fjelgt å kobma, meinte Sjaden. Men framandekaren sa at ’an berre sku venta te dydninjen hadde gått ne. Då sku han ro te, so sku han komba idn i ein stidle davn å då va han nett utanfor stovedøræ hans.
Ja, so ein gång sio reiste Sjaden på gjestabo te manen i Håkelboden. Fram fant han når han gjore so hin hadde sagt, og han vart vedl mottekjen. Men då han hadde sett seg te bords, vart ‘an vare at dar hång ein kvednastein ette ein ulltrå beint oppøve på han. Han vart livande redd, men tagde stilt gjord ’an å sat te di hadde ete. Då han skjeldest med havmannen, sa han atte detta med kvadnasteinen sku han ha før di han skremd 'an med bøsso den gånjen.

 Øverst på siden

Foreningen Forn Sed 1999-2002