Heim   | Bokmål   | Nynorsk   | Íslenska   | English   | Kontakt Foreningen Forn Sed   | Innmeldingsskjema   |
Tor med hammeren? - Helleristning fra Østfold.  Generell informasjon

 Retningslinjer

 Medlemskap

 Medieomtaler

 Ni Heimer

 Folkeminnesamlingen

 Lenker

- Litt om seden, formål og aktivitetar -

Offerstein i Ski kommune.
Foreininga Forn Sed vil heva til verdigheit igjen gamal sed og kulturarv. Dette gjer me utan at det gjeng på kostnad av andre trus- eller livssynsretningar, gamle eller nye, eller andre folkegrupper sin kulturarv. Fanatisme og hat mot andre kan aldri sameinast med foreiningas føremål.

Den gamle sed er grunna på toleranse, ærlegdom, truskap, respekt for naturen og alt liv. Hovudinnhaldet til den heidenske sed er at kvart menneske er ansvarleg for seg sjølv og sine handlingar. I Håvamål, talt av Odin, finst bl.a. moralreglar til det heidenske menneske. Verdsbiletet er skildra bl.a. i Voluspå. I religiøse spørsmål tek me primært utgangspunkt i dei gamle Eddadikta og nordisk folketru.

Å kalla seden åsatru er eigentleg misvisande, då trua ikkje berre er knytte til æser åleine. Det er lov å erkjenne fleire gudar og vetter innan norrøn mytologi og folketru, til dømes landvetter, gjenferd, alvar, disar, vanar, jotnar, dvergar, nissar osv. Foreiningas medlemar praktiserar si tru slik det passar for kvar og ein, så lenge det ikkje er i strid med norsk lov. Dei kan halda gudebilete og andre teikn til maktene for heilage, men det er ikkje plikt for andre å tilbe desse.

I Foreningen Forn Sed ynskjer me å skapa et levedyktig forum for alle som ynskjer å vidareføre gamle tradisjonar, sed og skikk, og skapa forståing og interesse for den gamle kulturarv. Dette kan være ulike kulturformidlingsprosjekt, temakurs og ekspedisjonar i tillegg til andre arrangement. Ambisjonane er store, og Foreininga Forn Sed er stolt av å kunne presentere eit omfattande kulturformidlingsprosjekt; Folkesegn og folkedikting, ei brei samling av mytiske segn, folkeminne, folkeviser og kvad. Desse samlingane inneheld i dag mange hundre artiklar.

Foreininga Forn Sed gjev også ut medlemsbladet Ni Heimer, og på foreiningas nettsider vert det presentert eit stort utval tidligare publiserte artiklar.

Av andre like viktige aktivitetar held me nokre samkomer i året kor me heidrar våre gudar, makter og andre vesen i naturen gjennom blot. Sjå Ni Heimer for nærmare opplysning. Foreiningas øvste organ er årsmøtet som vert helde den fyrste helga i juli kvart år. For ytterlegare informasjon om arrangementet, kan du vitje årsmøtet sine egne informasjonssider på nettet.

Foreininga Forn Sed er eit offentlig godkjent trudomssamfunn i Noreg og mottek stats- og kommunal tilskot, og det kostar ikkje noko å være medlem i trudomssamfunnet.


Foreningen Forn Sed