Heim   | Bokmål   | Nynorsk   | Íslenska   | English   | Kontakt Foreningen Forn Sed   | Innmeldingsskjema   |
Tor med hammeren? - Helleristning fra Østfold.  Generell informasjon

 Retningslinjer

 Medlemskap

 Medieomtaler

 Ni Heimer

 Folkeminnesamlingen

 Lenker

Kart over Noreg og Svalbard  Trudomssamfunnet Foreininga Forn Sed er i stor vekst. Me har hovudsakleg medlemar i Oslo/Akershus, Østfold, Vestfold og Sør-Trøndelag, men også resten av landets fylker er representert, - menn og kvinner i alle aldre, frå born og ungdom til pensjonistar og godt vaksne menneskjer.

Er du interessert i den gamle sed, søkjer fellesskap med andre heidenske menneskjer, er oppteken av gamle tradisjonar, norrøn mytologi, folketru, norrøn historie og kultur. Foreininga Forn Sed er open for alle som på ein eller annan måte er interessert i det norrøne, samt folketru. Religiøst eller ikkje.

Alle som er over 15 år med fast busetjing i Noreg og som er innstilt på å halde foreiningas vedtekter kan verta medlem i Foreininga Forn Sed. Dersom du er under 15 år må du ha føresette sitt samtykkje til medlemskap. Alle medlemar er likeverdige, har stemmerett og kan stilla til val i foreiningas organ. Den som ynskjer å verta medlem i foreininga, må fyrst melde seg ut av andre trudoms- eller livssynssamfunn (i Noreg). Det er i fylgje norsk lov ikkje løyveleg å vera medlem av to trudoms- eller livssynssamfunn samstundes. Informasjon om korleis ein melder seg ut av andre trudomssamfunn kan foreininga gje nærmare opplysningar om. Deretter fyller ein ut eit eige innmeldingsskjema og sender det tilbake til Foreininga Forn Sed. Medlemskapet er gratis.

Innmeldingsskjema for medlemskap i Foreningen Forn Sed.Disse skjemaene kan du laste ned i PDF-format ved å klikke på ikonet her til venstre.

Du kan også skrive eller ringe til foreininga og be om å få tilsendt innmeldingsskjema.

 

Foreininga Forn Sed
Postboks 8851 Youngstorget
0028 Oslo

E-post: forening@forn-sed.no
Tlf.: 4133 3752 (Ine Rosland)


Foreningen Forn Sed