Foreininga Forn Sed vedkjenner seg til norsk folketru og dei vettar og skikkar folketrua representerer, samt gudar og andre skikkelsar innan norrøn mytologi. Formålet til foreininga er å vidareføra gamle tradisjonar, sed og skikk, og å skapa innsyn og interesse for folketrua og den norrøne kulturarv.
- Foreningen Forn Sed er eit offentleg godkjent trudomssamfunn i Noreg.
Alle som er interesserte i å heva til vørdnad att den gamle seden og kulturarven, og halda den heidne seden i hevd, kan verta medlem i foreininga.
Me gjer merksam på at Foreininga Forn Sed tek på det sterkaste avstand frå nazistiske, rasistiske og andre menneskefiendtlege holdningar og tolkningar av det norrøne, attåt di kvar ei form for diskriminering.