© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle
  • fornsednorge

Dei underjordiske på Storebø

Oppdatert: 27. juni 2018

Hallvard Bjånes i ‘Frå Fjon til Fusa’ 1951, s 126. I tradisjon etter mora si.


I Hauga-tunet på Storebø var det i gamle dagar ei lang tid so at etter det var myrkt um kvelden måtte dei ikkje ha noko slags arbeid for seg som det fylgde banking med. For so snart dei banka på noko, vart det uroleg utanfor. Det såg ut til at dei underjordiske, eller kva det no var, ikkje likte å verta uroa av slikt.


Ein kveld tok mannen i huset til og skulde banda ei bytta. Kona åtvara han: «Du må ikkje bala med slikt ikveld», sa ho, «du veit korleis da æ her». «Bøtto ska bandast, og so kan dei berre købma, kem so vil», svara mannen og tok til med arbei-det. Og sjølvsagt laut han banka når han skulde få bandi ned på bytta. Medan han heldt på med dette, skulde sonen hans, ein liten gut i 9 års alderen ut i gongen eit snøggærend. Det gjekk ei stund; men guten kom ikkje inn att. «Ja, no får du sjå», sa kona, «du konde lete da vøre mæ detta arbeide ikveld!» Mannen gjekk so ut og skulde sjå etter. Han fann guten bak um utedøri, der han hadde gøymt seg, heilt nomen av redsla.


Då mannen skulde sjå ut, fekk han sjå ein diger mannsskapnad som stod attmed veggen og studde olbogen uppå torvhaldet på ufsi. Mannen gjekk fyrst inn med guten. «Ikkje fortel ka du har set», sa han. Det var so at dersom ein hadde sett noko slags trollskap, måtte ein ikkje fortelja um det før ein hadde sove, elles kunde ein bli sjuk. So treiv mannen ei brennande torva frå åren og sprang ut, medan han skreik til utysket: «No får du sjå og dra deg dar te so du haure heima. Du har ingjenting her å gjera, og no vil me ha fred! » Trolltyet fyre og mannen etter med den brennende tørvo i nevane. Det bar ned etter bakkane, og etter kvart minka trolltyet i hop, og til slutt rulla det som eit nysta fram-fyre han.


Nedanfor Teigatunet ligg ein haug, dei kallar Or-meneset. Der kvarv det brått heilt burt. So gjekk mannen heim att. Då han kom heim, tok han brandar frå åren og la rundt i klædi åt guten - det skulde vera vern mot trollskapen. Seinare kunde dei arbeida med kva dei vilde um kvelden; det vart ikkje meir trollskap å sjå eller høyra der i garden. Men mannen brende nevane sine so han var arbeidsufør lenge etter.