• fornsednorge

Herr Byrting og alvekvinna, 1. versjon

Oppskrift udatert av Sophus Bugge etter Anne Lillegård, Lårdal, Telemark.

 

1. [Ho sette seg på sænjestok ho spila i Byrtings gule lok.

 2. Ho sette seg i sænjen ned] lille Byrtingjen [snud han vegjen te.

 3. Højr du herr Byrting snu inkje ifrå i morgo du møter mæ elvarå].

 4. Inki vi' eg mæ elvinne bu imorgo vi' eg flytje mi brur.

 5. [Inki vi' eg mæ elvinne] trøy [imorgo vi' eg flytje mi] møy.

 6. [Tidligt om morgonn de va inkje ljust] då var lill' Byrtingjen på gangaren fus.

 7. Lill' Byrtingjen rei ivi strie straum hans hesten dæn snubla i liten saum.

 8. [Lill' Byrtingjen rei ivi] høie bru [hans hesten dæn snubla] i røde gullskruv.

 9. Hans hesten snubla i liten saum lill' Byrtingjen rauk at strie straum.

 10. Elvkvinna rekker ho hånd ifrå seg vælkomen lille Byrtingjen trøa dansen mæ meg.

 11. Elvkvinna sette fram gylte stol kvil deg lille Byrtingjen trøytt å mo.

 12. [Elvkvinna visa ut tærna si du tappar meg i et staup mæ vin].

 13. Du tappar meg i eitt staup mæ vin eitt villekorn du legger deri.

 14. [Hor æ du nå fød hel hora æ du nå boren hel hora æ nå alle dine hofklæne skoren.

 15. I bejarland er æ eg fød å boren i bejarland der æ mine hofklæne skoren.

 16. I bejarland der vi eg liva å døy å i bejarland der bur mi festarmøy.

 17. Elvkvinna visa ut tærna si du tappar meg i et staup mæ vin.

 18. Du tappar meg i eitt staup mæ vin] tvo villekorn [du legger deri].

 19. Hor æ du nå fød hel hora æ du boren hel hora æ nå alle dine hofklæne skoren.

 20. I bejarland der æ eg fød å boren i bejarland er æ mine hofklæne skoren.

 21. I bejarland der vi eg liva å døy å i bejarland der bur mi festarmøy.

 22. Elvkvinna visa ut tærna si du tappar meg i et staup mæ vin.

 23. Du tappar meg i eitt staup mæ vin] tri villekorn [du legger deri.

 24. Hor æ du nå fød hel hora æ du boren hel hora æ nå alle dine hofklæne skoren.

 25. I elvarland der æ eg fød å boren i elvarland der æ mine hofklæne skoren.

 26. I elvarland der vi eg liva å døy i elvarland finn eg mi festarmøy].


Orig. ms. NFS S. Bugge I, 165 (Renskrift) med overskrift Lille Byrtingjen å elvekvinna (meddelt af Anne Lillegård) Reinskrifta er sterkt avstytt, men med tilvising til Landstad 1853 nr. 47 s. 456. Utfyllingane er her tatt frå var. I etter Olav Glosimot. Denne oppskrifta ligg til grunn for Landstads prenta tekst. S. Bugge har ikkje gitt opplysing om omkvedet. I brev til Svend Grundtvig har Sophus Bugge denne opplysinga: I en Opskrift fra Lardal kaldes Helten Libyrtingjen (se var. III), i en fra Eidsborg Lille Byrtingjen. Paa Elvekvindens Ord: "Høyre du lill' Byrtingjen, snu inki ifrå imorgo du møter ve Elvarå!" svarer han her: "Inki vi' eg mæ elvinne bu, imorgo vi' eg flytje mi brur. Inki vi' eg mæ elvinne trøy, imorgo vi' eg flytje mi møy." DFS IV s. 31

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle