• fornsednorge

Hug og Hått

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.


Det krøkjer seg til krok som krok skal være. Hund er hund om så håra var gylte. Hund gjer hunde-verk. Det vert aldri folk av fe. Vanen er vond å vende. D'er vondt å venja det svin or åkeren som i er vant. Ein venst med det vonde til ein tykker det er tolleg. Der vondt å få mange hovud under ein hatt. Det blæs ingen vind etter alle manns ynskje. Om liking er langt å tretta. D'er viljen som driv verket. Hugen dreg halve lasset. Viljug hest skal vera måteleg lest. Han er god å lokka som etter vil hoppa. Den hunden ein nøyder til skogs, den veider ein lite med. Der som er ingen hug, er heller ingen dug. Han kan inkje som inkje vil. D'er leitt å ha lyst og ikkje lov. Det som brasar snart opp, det brenn ikkje lenge. Det som ikkje er vondt i, er lite godt i. Ein kan erta ein god hund, til han òg bit. Sinne gjer vonde minne. Når sinnet er av, kjem angeren etter. D'er inkje så vel bøtt, det ei var betre heilt. Sorg er ingenstad utestengd. Små sorger tala, dei store teia. D'er tyngste sorga som ingen ser. D'er ingen skade at folk er glade. D'er god lagnad som er alle til fagnad. D'er ein gap som ikkje er redd. Der foten er tryggast, er fallet styggast. Dei er ikkje alle redde som rømmer. D'er inkje så vondt ein ei skal vonast, og inkje så godt ein ei skal ottast. Ein skal vona det beste og være budd på det verste. Von er fattigmanns rikdom. D'er tungt å strida der inga er von til å vinna. D'er von i hangande snøre. Di mindre vitet er, di meir er modet. D'er god leik som er alle til moro og ingen til mein. Gaman dreg folk saman. Det kan ikkje alle spela langeleiken. D'er klen gut som aldri gjer ugagn. D'er likså lett å le som å gråta. Han ler best som ler sist. Gråten grev ingenopp att or grava. D'er ilt å ertast med bjørnen, han skjønner ikkje skjemt.

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle