• fornsednorge

Huldregildet i Stølsberget

Oppdatert: 27. juni 2018

Vikebygs Sogeblad 1980


Er ein oppe på Tveit-vassnuten natta til Haust-jamndøgn, i klårvær og måneskin, vil ein få sjå at Stølsberget, (på nordsida av Langårdsdals-vatnet) opnar seg ei tid om natta. Då kan ein sjå rett inn i sjølve Stølsberget, ein stor, flott, og fullt opplyst gildesal. Heile salen er av reint gull. Ein kan sjå at gullet glittrar og skin i lyset og speglar seg i Langårdsdals-vatnet Ein kan høyra omen av huldreslottane som vert spela, og ståket av huldrene som kåte svingar seg i dansen.

Utpå natta ei tid ser ein at Stølsberget lukkar seg att. Lyset fell heilt bort, det vert mørkt i berget. Gildet er slutt. Tydeleg kan ein høyra lydar av fotsteg om natta. Subbing over myrar og gjenom krattskog.


Dette er huldrer som har vore på gildet i Stølsberget, og som nå skundar seg heimatt til "Berga" sine før sola renn om morgonen.

Siste innlegg

Se alle

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle