• fornsednorge

Lasse Våge og havmannen i båen

sagn fra Austevoll, fortalt av lærasr Johan Tufteland , f. 1912.


Lasse i Våge va so vens mè tussen i Brokasjiten. Da va ein havmann sò budde i ein boe, sò liggje métt i straumsonde utanføre Stòlmavågen. Tussen kòbm òfta te Lasse å snakte mè an, mèn an va allti snare, å da såg ut føre atte an va rèdde før nòke.

Lasse hadde ein store katt, sò allti sat å kvèsste kløna på åresteid-n, å da va visst dètta klodyre tussen ikkje likte. Ein dag sa tussen, atte no måtte Lasse kòbma te an i boden. "Nei, da går alder an", sa Lasse. " Jau då, du ska bèr(r)e ro te, når boden bryte da treia bròte, so går da nòkk, ska du sjå", sa tussen.


Da nærma sèg julè, å sjølvaste julakvèlen tok Lasse fèringjen sénn å rodde utøve vågen å ut ijøne te Brokasjiten. Da va stillt ver, å da jèkk ei goe stond før boden braut. Mèn te slutt såg Lasse atte dar kòbm tre svère alde Han rodde te i da sama, å i da treia bròte rènde båten idnonde boden. Lasse høyrde bè(r)re kor da sydde ront an, mèn so vart da stillt, mèsta sò i gravè. Han opna augena å såg atte han va kòbmen i(d)nn på ein stidle våg, mè jose sandbòtten i(d)nnøve te strandè. Opp i ein grøne bakkje låg dar ei stòva. Da va vèl dar tussen budde.


Lasse rodde i(d)nn te bryggjo å be-la båten, å so jèkk an opp te stòvo å pikka på. Tussen kòbm å let òpp dørè, å ba an stiga i(d)nnanføre. Da va svèrandes mørkt dar idne, mèn étte kvart sò Lasse vart vane mè mørknè, skrimsla an dei svère stòkkana i vèggjena, å dei fine tèppè mè innvòvne sjéldreri uta kveite å kvala. Øve åre-èlden hånng(g) dar ei store gryta fudle mè kveitehòve. Tussen ba Lasse sètja sèg te bors, fòr no sko di eta.

Di bejynte mè kva(r) sétt kveitehòve.

Da va seige kòst å få i sèg, syntest Lasse. Étte kvart sò han åt, vart dar bèr(r)e meira mat på hòve. " Dètta va ein sersjilde fisk å ha", tèngkte Lasse, å sporde då kor da va tussen va hènne å drog dedna feita kveito.


"Trò(b)m tryte Targrudn sjøldo Tydler alder", svara tussen. "Ka è me-e i Tydler då?" sporde Lasse. "Fuglanukjen øve Svanahei, da è dèn rètte Tydlerlei", sa tussen.


Han hadde bèr(r)e ètt me, når an va å fiska dar sjønte Lasse, å då nytta da ikkje før andre å fidna dè(d)n plassen. "Du får kòbma ne te sjød-n ein måro, so ska du få vèra mè mèg te Tydler", sa tussen. Lasse sa at an sko jèra da. Mèn då an sat dar å såg rètt òppøve i takje, vart an fòrskrèmde.

Da hångg ein vèldi(g)e kvèdnastein øve hòve hans å han hångg étte ein gradne ulltrå. Lasse språng(g) bort i ei krå, mèn steid-n flytta sèg étte an korr an for so da nytta ikkje å jøyma seg nòken stana. Då sètte tussen i å lè gòtt, å so lo an: "Rèdde va du no, å rømde før kvèdnasteid-n, mèn rèddar va èg før klodyre détt på åresteid-n." Lasse va ikkje seine mè å kòbma sèg heimatte éttepå dètta.


Ein måro utpå vinteren jèkk Lasse i Våge ne te sjød-n. Å då kòbm dar ein båt roandes. Da va tussen sò sko på fissje. Han skuta idn te lanns, å Lasse hòpte ne i båten te an. Di rodde långkt te haffs. Te slutt såg di bèr(r)e Fuglanukjen øve Svanahei, å då va di på Tydler.


Lasse sat mè fram-pare, å andøvde båten, å tussen sat mè vèldena, å fiska heile dagen. Da vart alder ymta ètt or imydle di, mèn tussen drog i eino, å lèmpa øve èsingjè, å slèngde bak i skuten. Da rara va, atte Lasse konde ikkje sjå dènne (dèdne) fissjen, èndå båten sòkk gòtt i sjød-n å vart heilt nelasta te slutt, so di fèkk fingrana i sjød-n når di greip om èsingjè.


Seint om kvèl-n kòbm di te lanns. Tussen sètte Lasse på land dar an hadde hènta han, å sa ikkje ètt or, å Lasse fèkk ingjen fisk mè sèg. Måroen éttepå, då han kòbm ne te sjød-n, låg dar ein store kval òppdreijen i båtstøè hans.

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle