© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle
  • fornsednorge

Omdømme

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.


Ordet fer vidare enn mannen. Det spørst meir om misgjerda enn om velgjerda. Det er gale det er sagt; det er verre det er sant. Eit vondt ord er snart å få; d’er seint å av seg två. Det går ikkje gjetord av ingen ting. Er det gjort, blir det spurt; er det lite blir det stort. Når eitt ord er sagt, vert det tie til lagt. D’er knapt verdt å kviskra om det kvar mann veit. Det vil alle heller ha lov enn last. Når skipet kjem ille fram, får skipperen last og skam. Gjer ti gonger vel og ein gong ille, så får du last for alt i hop. Det er mest lova som er lengst ifrå. Det vert ingen kvit av di han gjer annan svart. Han vert ein gong vørd som vørdnad verd. Den døyr ikkje fattig som har eit rikt ettermæle. D’er betre å falle med ære enn stå med skam. D’er tung ære å gå fremst i snøbrauta. Det fylgjer hot med heideren. D’er fleire æretjuvar enn pengetjuvar. Den som skrøyter av skam, er ingen ære verd. Tjuven trur at kvar mann stel. Den som er for eitt kjend, han er til tie tenkt. Det er skam nok å få skulda for ei skam. Rød ikkje om reip i hengd manns hus. Godt samvit er godt å sove med. Godt samvit gjer gladt andlit. Sanninga er alltid seg sjølv lik. Det er ikkje alt sanning som er sanning likt. Sant er sant, om endå ingen trur det. Det er lett å lyga når det er langt heim. D’er mangt som synest og ikkje røynest. Gull er gull om det så ligg i sporpet. D’er er mangt som er utantil blankt og innantil krankt. Stillaste vatnet har djupaste grunnen. D’er fulskap i alle ting så nær som i nysila mjølk. Det venaste er stundom klenaste. D’er mangt eit godt hovud under ein gammal hatt. Bonden er ikkje gås for di om han er grå. D’er mangt som er vent å sjå, så lenge det er langt ifrå. Ein skal ikkje skoda hunden på håra. Ulven er ikkje langt unna når ein ser øyro hans. Namnet skjemmer ingen når ein ikkje skjemmer seg sjølv.