© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle
  • fornsednorge

Pål sine høner

norsk folketone

Pål sine høner på haugan ut sleppte, høna så lett over haugane sprang; Pål kunne vel på hønom fornemma, reven var ute med rova så lang. :/: klukk, klukk, klukk sa høna på haugom. :/: Pål han sprang og rengde med augom: "No tor' eg ikkje koma heim åt ho mor."


Pål han gjekk seg litt lenger på haugen, fekk han sjå reven låg høna og gnog; Pål han tok seg ein stein uti neven, dugleg han då til reven slo. :/: Reven flaug så rova han riste, :/: Pål han gret for høna han miste: "No tor' eg ikkje koma heim åt ho mor."


Hadd' eg no nebb, og hadd' eg no klør, og visste eg berre kvar revane låg, skulle eg dei både rispa og klora framtil nakken og bak over lår. :/: Skam få alle revane raude! :/: Gjev det var så vel at dei alle var daude, så skull' eg trygt koma heim åt ho mor!


Ikkje kan ho verpa, og ikkje kan ho gala, ikkje kan ho krypa, og ikkje kan ho gå. Eg får gå meg åt kverna og mala og få att det mjølet eg miste i går. :/: "Pytt," sa'n Pål, "eg er ikkje bangen :/: kjeften og motet har hjelpt no så mang ein, eg tor' nok vel koma heim åt ho mor!"


Pål han kornet på kverna til å sleppa så at det ljoma i kvar ein vegg, så at agnene tok til å flyga, og dei vart lange som geiteragg. :/: Pål han gav seg til å le og til å kneggja :/: "No fekk eg like for høna og for egga, no tor' eg trygt koma heim åt ho mor."