Hjem   |  Prosjektet   |  Hjelp   |  Takk til   | Tips   | Kontakt oss   |

 Folkeminnesamlingen

 Kulturkalender

 Billedgalleri

 Lenk denne siden

 Ekstra
 Send postkort


 Våre andre sider:


 Foreningen Forn Sed

 Medieomtaler

 Ni Heimer
 

 

Haraldshaugen
Ivar Aasen (1813-1896)

Her ser eg Haralds
Haug fyre Augom;
lenge var eg lystad
at lydast til honom.
Botnad paa Berget
berrsynt mun han standa
millom Hump og Hamar
paa Hauga-Landet.

Vist er han vorden
vonom mindre:
Grunnen er graven,
Grassvorden riven;
Aaker er upplagd
um allan Haugen;
Aksi glima globjart
paa gløymde Gravi.

Her hever Fagna-Folk
faret or Heimen;
her hev' ein gild Gut
gjenget til Kvila.
Harald Haarfagre
høyrde du vel gjetet;
nog er i Norig
Namn hans kunnigt.

Ikkje tarv han, tenkjer eg,
Tavla paa Gravi,
Stein elder Stopel
med store Ord skriven.
Sjølv hev han sett seg
synlege Minne,
dei som vist mun vara,
til Verdi øydest.

Ringt var det Riket,
som raada han skulde;
storo var det stiget,
daa Styret han slepte.
So var skjett Skifte
i Skipnaden inne,
som i kolmyrke Koven,
naar Kola er tendrad.

Etter kom or Ætti hans
Ervingar dyre,
dei som verde vaaro
Verdi aa styra;
dugstore, daadstore,
dygderike Sellar;
nog er i Norig
Namn som klinga.

Lidna ero langa
ljosa Tider;
daa var Daad og Dygd
med Dovralands Gutom;
stod i blidom Blome
Blaaberg-Landet;
Heider og Heppa
var i Haralds Rike.

Lidna ero langa
laaka Tider;
Haralds-Ætti øyddest,
og ilt var Skiftet;
maattlaus, modlaus,
minnelaus vardt Lyden,
hædt og herjat
var Haralds Rike.

Endaa trur eg, Anden hans
yver oss mun sviva,
lydast um Landet,
leita etter Storverk.
Myket mun han fegnast,
naar Manndom han finner,
naar som Lands Lyden
likjest Forfedrom.

Fram daa, Frendar,
i fredlege Kappstig!
rette det, som rengt er,
reise det, som velt er;
byggje og bøte
med Bot, som duger;
gjere Verk, som vara,
til Verdi øydest.

 Øverst på siden

Foreningen Forn Sed 1999-2002