top of page

Ei soge om Huldo

Forfatterens bilde: fornsednorge
fornsednorge
26. juni 2018
1 min lesing

Kjelder: Gudrun Berge og Magda Hansen etter Gurianna Larsdatter Malkenes. Odd Tveit. Presentert i 1997 av Ingelin Røssland i lokalbladet 'Tysnes'.


Anna i Lio, eller Anna Veronika Vaage som ho eigentleg heitte, traff på Huldo ein tidleg morgon. På den tida ho var tenestejente hjå fastermannen sin på Myklestad. Anna i Lio var på veg over ein stad som blir kalla Asalebakkane, og der fekk ho sjå henne. Det var ei vakker ung kvinne med lang lys hårflette og ei rumpe som stakk ut under stakken. Huldo sa ingenting, og verka på ingen måte skremmande. Så blei Huldo borte rett framfor augo på Anna. Sidan møtte Anna aldri Huldo att, men ho fortalde ofte om dette eine møtet ho hadde hatt med henne.

Siste innlegg

Se alle
Suttungs Mjød

J. S . Welhaven (1807-1873). Den bedste Drik ved Guders Gilde, i Odins Borg, var Suttungs Mjød, og Sangens Magt i Brages Snille fra denne rige Kilde flød. Alfader selv har hentet Mjøden, hvor den

 
 
 
Marmælen

Folkeminne fra Austevoll, NFS. Knut Nauthella 2 s. 36-38. Marmælen er ukjend her, men velkjend in Nordhordland, der dei skildrar han som ein ørliten naken mann; dei har ordtaket: "Da kan no vera lite

 
 
 
Nåke trollskap

NFS. Knut Nauthella 1 s.79-92. Uten datering. Da va ein mann på Haukanes so levde før ein femti år sio, so di kalte Store-Mikkjel'en. Han såg ein jutel ein gång. Da va ei sondagsnatt om sommaren, han

 
 
 

Kommentarer


© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle
bottom of page