top of page
  • Forfatterens bildefornsednorge

Bergtekne

Oppdatert: 27. jun. 2018

Kristoffer Sydnes, Shl årb. 1917.


Lars Lødflaat i Tungesvik gjætte paa Tjellflaat. Ein kveld han skulde samla smalen, var dei so vida vende. Han gjekk og gjekk til seine kvelden, men det var spendt uraad aa finna alle. Han gjorde endaa ei ferd. Best han gjekk og kom framunder eit berg, vart ei dør leti upp. Og nokre unge vene gjentor kom ut og bad han inn. Trøytt var han, so han let seg ikkje beda tvo gonger. Det han laut undrast yver, var alt det folk som var samla, og all stasen ! Det gleim og glinsa i sylv og gulI kvar han vende seg. So vilde dei gjeva han mat. Det var raudkokt dravle med smaamat til. Men no skyna han at det bar gale iveg. Han sette seg hega til bordet, men maten vilde han ikkje smaka.


Daa kom dei og stod uppyver han og lokka og truga, vene kvinnor og ikkje vene. Endeleg gav han so mykje etter at han nista henderne til bordbøn. Men daa reiste gamle skjeggabrusen burti kraai seg og kom og tok han i nakken. Kvinnorne bad at han maatte ikkje røra den vene guten. Men den kvitskjegga karen slepte ikkje taket. Han kasta han handfritt ut.


Daa han kom til seg sjølv, laag han burte ved ei urd og kjende seg heller tyngd yver herdi og so kroppen i halsen. Noko anna mein hadde daa ikkje Lars av ferdi, enn han vart aldri den rakvaksne karen meir som fyrr han hadde vore.

5 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi salar du aareleg gangaren din.

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifr

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv - aa Byrting ha sleje si Dyni ilaas.

bottom of page