• fornsednorge

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark.

1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifrå. -Me lindi ber løve i lunden -

2. Ingjor stevnæ heve eg lagt å ingjen lukkar eg inn um natt.

3. Å elvkvinna mæ sine fingar små skreidde dei lokunne te å ifrå.

4. Å Libyrtingjen la' seg i sængji ne å elvkvinna sprang ho veggjen te.

5. Du tar 'kje Libyrtingjen snu deg ifrå i morgo ska' du møte mæ elvarå.

6. Å tilegt om morgon dagjen var ljos då var Libyrtingjen reisefus.

7. Å hesten snåva i rødegullsaum Libyrtingjen falt i den strie straum.

8. [Elvkvinna visa ut tærna si] du tappar meg i eitt staup mæ vin.

9. Du tappar meg i eitt staup mæ vin eitt villekorn du legger dæri.

10. Eg tor ikkje drikke ut alt eg æ' rædde'e d'æ mæ sviko lagt.

11. Å hor æ du fødd å hor æ du boren å hor æ' dine klæi skoren.

12. I beierland fødd å i beierland boren i beierland der æ' mine klæi skoren.

13. [Elvkvinna visa ut tærna si du tappar meg i eitt staup mæ vin.

14. Du tappar meg i eitt staup mæ vin] tvo [villekorn du legger dæri.

15. Eg tor ikkje drikke ut alt eg æ' rædd'e d'æ mæ sviko lagt.

16. Å hor æ du fødd å hor æ du boren å hor æ' dine klæi skoren.

17. I beierland fødd å i beierland boren i beierland der æ' mine klæi skoren.

18. Elvkvinna visa ut tærna si du tappar meg i eitt staup mæ vin.

19. Du tappar meg i eitt staup mæ vin] tri [villekorn du legger dæri.

20. Eg tor ikkje drikke ut alt eg æ' rædd'e d'æ mæ sviko lagt.

21. Å hor æ du fødd å hor æ du boren å hor æ' dine klæi skoren.

22. I] elverland [fødd å i elverland boren i elverland der æ' mine klæi skoren.

23. I elverland vi' eg liva å døy i elverland bur mi festarmøy.


Orig. ms. NFS S. Bugge I, 39 (Renskrift) med overskrift Libyrtingjen I (meddelt af Tone Marteinsdatter) S. Bugge har seinare gjort ein del rettingar i skrivemåten. I str. 4 har han også bytta om Libyrtingjen og elvkvinna. Oppskrifta er avstytt, men med tilvising til Landstad 1853 nr. 47 s. 456 og til føregåande strofer. I staden for Landstads prenta tekst er utfyllingane her tatt frå var. I etter Olav Glosimot som har vori grunnlaget for Landstads tekst. Merkn.: S. Bugge har send følgjande opplysning til Svend Grundtvig: I en Opskrift fra Lardal kaldes Helten Libyrtingjen i en fra Eidsborg Lille Byrtingjen. Paa Elvekvindens ord: "Høyre du lill' Byrtingjen, snu inki ifrå imorgo du møter ve Elvarå!" svarer han her: "Inki vi' eg mæ elvinne bu imorgo vi' eg fyltje mi brur. Inki vi' eg mæ elvinne trøy imorgo vi' eg flytje mi møy." DFS IV, 31.

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle