top of page
  • Forfatterens bildefornsednorge

Ei huldresoge fra Austevoll

Oppdatert: 27. jun. 2018

Nedskriven av Hallvard Bjånes. Frå Fjon til Fusa 1957.


Ein kveld, i fyrste helvti av attanhundradåri, giekk ein gut frå Byrkjeland nord i Hufthamar-utmarki og leita etter sauene. Det tok ei tid før han fann dei, og det tok til å myrkna noko då han skulde gå heim att. Som han no gjekk der, fekk han sjå eit kvinnfolk som stod på ein haug eit stykke burte. Han ropa til henne: "Hei, du gjenta, du skal verta mi brur du!" - Han fekk ikkje noko svar, og ikkje kunde han sjå kva slags kvinnfolk det var. Men det skulde han tids nok få sjå.

Guten var trulova, og straks etter den kvelden i Hufthamarsmarki skulde han gifta seg. Men brudlaupsdagen, då dei skulde til kyrkja, kom huldri, for henne var det han hadde ropa til den kvelden, og ho kom både med kruna og hunad, fylgje hadde ho med seg og. No var ho komi og vilde ta han på ordet at ho skulde verta bruri hans. Det tok til å sjå speleg ut, dette, for huldri vilde ikkje vike, og ikkje skulde han få koma til kyrkja med nokon annan.


Til all lukka var ei eldre kona frå Eido i brudlaupet. Ho var kjend for å kunna meir enn Fadervåret. Det var ei kona der på Eido som "låg på seng", som dei segjer her. Ein dag kom ein stygg mannsskapnad inn, ein underjording, eller kva det no kunde vera, og stelte seg upp ved barnevogga, og då laut dei henta henne, for ho var den einaste som kunde få han burt. So vert det fortalt.


Kva slags råder ho bruka, er ikkje nemnd, men ho fekk huldre-folket til å kverva, og dei synte seg aldri meir.

8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi salar du aareleg gangaren din.

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifr

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv - aa Byrting ha sleje si Dyni ilaas.

bottom of page