top of page

Huldabrotet

Forfatterens bilde: fornsednorgefornsednorge

Oppdatert: 27. juni 2018

Kjelder: Gudrun Berge, Magda Hansen. Gurianna Larsdotter Malkenes (1868-1965) kunne fortelja mykje om Huldo. Presentert i 1997 av Ingelin Røssland i lokalbladet 'Tysnes'.


Huldo budde i Huldabrotet, og på dagar med mørk skodde, Huldaskodde, kom ho fram frå brotet. Ein sundag for lenge sidan var dei vaksne på garden til kyrke. Ute var det ei mørk skodde, huldaskodde, men ungane var likevel ute og leika. Dei tykkte det var moro å leika gøymespel i skodda. Midt i villaste leiken kom det ei usedvanleg vakker kvinne til syne. Ho lokka borna med seg inn i huldabrotet og stengde døra. Borna kom aldri til rette att.

Huldo i Huldabrotet hadde sjølv born. Tolv søner hadde ho, og alle hadde namn.


- Besto kunne alle namna på rams, men sjølv kjem eg ikkje på meir enn seks av namna, seier Gudrun Berge. Dei sønene eg hugsar namnet på er, Einar, Meinar, Steinar, Thomas, Tolleiv og Tore.


På Malkenes er det også ein stad som heiter Huldakne. Om denne staden kunne Gurianna fortelja at før i tida då steinane var mjuke, så hadde Huldo sett seg på kne der.

Gudrun og Magda fortel at då dei var små, så sette dei seg på kne i avtrykket etter Huldo for å mela kor store kne dei hadde i høve til Huldo.

Siste innlegg

Se alle

Commentaires


© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle
bottom of page