top of page

Huldre-katten

Forfatterens bilde: fornsednorgefornsednorge

Oppdatert: 27. juni 2018

'Gamalt frå Etne' av Amund O. Fjøsne.Sunnhordland - Tidsskrift, Band XIX, 1938


For lang tid attende var der ein plassmann på garden Fjøsna som heitte Mons. Han var slik glup skyttar og viltfangar. So ein gong var det kome slik ein gasta oter, som heldt til i Fjøsna-urdi. Denne oteren var Mons svært huga på, for det var ein av dei største otrar han nokon gong hadde set. Mons sat i urdi og vakta på han gong på gong, men denne oteren var meir enn vanleg slu og umogeleg å få skot på.

Var Mons i urdi um kvelden, gjekk oteren ikkje ut fyrr um morgonen, og var Mons der um morgonen, hadde oteren gjenge ut um kvelden. Hende det so at oteren gjekk ut når Mons var der, gjekk han ut so stilt og vart, at Mons fekk ikkje auga på han før han var so langt på sjøen komen, at det ikkje var meining skapt i skjota på han. Men so ein kveld Mons sat i urdi og såg etter denne oteren, høyrde han det skratta og lo uppi berg hammaren ovanfyre: "Ha, ha, ha! Mons får nok ikkje skjota pus i kveld heller, han har ikkje vaska seg i augo!" Men da kasta Mons treskorne og la på sprang til bekken og vaska seg grundig i augo og sprang til urdi att. Då var oteren utkomen og låg og baska tett nedfyre. Mons tok sikte og brende på han, og skotet traff rektig godt. Han gjekk so ned etter han, og det var ein ov-oter, var det. Han slengde han på aksli og rusla på heimveg.

Men han var ikkje langt komen før han høyrde nett som ein sår gråt attum seg som ei smågjenta sku' gråta. Han vende seg og såg, men han kunde ikkje få auga på noko, og gråten fylgde han. Han vart arg på dette, og då han var mest heimkomen, vende han seg brått um, drog upp slirekniven sin, sputta over eggi og slo kross framfor seg med kniven, og so sa han: "Tvi vøre deg huldra, som ikkje let kriste folk få gå i fred!" Då vart det brått slutt med gråten. Han skyna då, at det var ein huldre-pus han hadde skote, og at det var ei huldregjenta som gjekk etter han og gret for dette.

6 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi...

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv -...

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv -...

Comentarios


© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle
bottom of page