Oppskrift udatert av Torleif Hannaas etter ukjent sanger, ikkje lokalisert.
1. Heiemo kvad, det saang i lid, - Med minne, - det høyrde nykken paa havet skrid. - Tvo roser søve derinne -
2. Heiemo kvad det song i lund, det høyrde nykken den heiden hund.
3. Nykken talad til styringsmann, du styre mit skip paa Kristi land.
4. Ko vil du paa Kristi land gjera, du kann 'kje anten syngje hell lesa.
5. Aa eg vil meg paa Kristi land gaa, den vene jomfrua vil eg faa.
6. Nykken kom seg paa Kristi land, so skapad en seg i ein kristen mann.
7. Han skapad seg klæde baad' gule og grøne, seg sjave alt uti ein riddare skjøn.
8. Han skapad seg klæde baad' gule og blaa, hest og sadle aa ride paa.
9. Han skapad seg gullringen um sin fing, so lett gjeng han i stoga inn.
10. Han skapad ein gullsko paa sin fot, so lett paa hallan golv han trod.
11. No er en komen som dansen kann treda, no skal den fram som venast kann kveda.
12. Til svarad jomfruga i benken sat, Heiemo kann baad' danse og kveda.
13. Heiemo dansad og Heiemo kvad, det lystad alt folket i stoga sat.
14. No maa kvar ein gange heim til seg, Heiemo tek eg paa skipet med meg.
15. Heiemo gret sine hendar ho vreid, skal eg fylgje nykken den lange leid.
16. Heiemo sine hendan i taarinne tvo, skal eg fylgje nykken i den salte fjord.
17. Heiemo, Heiemo still di sut, du skal raade yver mine fem gullbur.
18. Heiemo, Heiemo still din harm, du skal faa sova i nykkens arm.
19. So tok han Heiemo upp-i sit fang vil bera hennar paa skipet fram.
20. Heiemo tenkte med sjave seg, tru mine smaa knivar 'kje hjelper meg.
21. Eg heve stadet fyr boge og brand, eg ræddast inkje ei kvennmann-hand.
22. Eg heve stadet fyr boge og pil, eg agtar inkje ein kvennmann-kniv.
23. Nykken ha' inkje halvtalad ord, fyrr kvenfolk-kniven i hjarta stod.
24. Heiemo stakk nykken fyr holamot, odden vende i hjartarot.
25. Her ligg du nykken og renne blod, enno trør eg mine jomfru sko.
26. Her ligg du nykken fyr hund og ravn, enno ber eg mit jomfru-navn.
27. Her ligg du nykken fyr ravn og hund, enno hev eg min kvedare-lund.
Orig. ms. EFI T. Hannaas 8, 38. (NFS, kopi) (Renskrift) med overskrift Nykken bedlar til Heiemo.
Kommentare