NFS. Knut Nauthella 2 s. 36-38. Uten datering.
Nissen heldt seg ogso umbord i fartya når det sto vel til. Rømde nissen, stod det ei ulykka fyre. Ein gong - fortel dei - var det eit farty som låg på ei hamn som ikkje kunne få ankerety upp. Då dei skulde sjå utabords, sto det ein liten mann og spente i fartysida og heldt kjettingen. Men då dei såg han, slepte han taket og stupte seg i sjøen. Då fekk dei upp ankeret. Men det gjekk ikkje vel med dei. Dei såg aldri det fartyet meir.
Kommentare