top of page
  • Forfatterens bildefornsednorge

Tussen i Brokaskiten

Johan Tufteland: 'Soga og segner knytt til Stolmastova' i Sunnhordland årbok 1965


Mannen som bygde Stolmastova, heitte Lasse i Våge (eller Lars). Han var mykje til vens med ein havmann som budde i ein båe sør for Våge, Brokaskiten. Denne båen ligg midt i sundet der dei ror frå havet og inn forbi Bjørnen, og han er mykje til meins når båtane skal ta seg inn til vågen i ruskever. Er det stor sjøgang, tek båtane leie sørom Bjørnen og inn vågen eller nord Stolmasundet.

Havmannen som budde i båen, kalla dei Tussen i Brokaskiten. Han kom ofte til Stolmastova og vitja Lasse i Våge. Der vart han vel motteken og fekk sitja til bords. Men alltid sat han uroleg og annig etter å koma seg heim att. Det var snautt han fekk maten i seg, han sat berre og glodde på ein stor katt Lasse hadde. Katten sat på åresteinen og klorde og kvesste klørne sine.


Ein gong då Tussen gjekk frå Lasse, sa han at no måtte Lasse koma og vitja han i Brokaskiten. Men Lasse skyna ikkje dette, han kunne då ikkje koma ned i ein båe. «Du skal berre ro ut og venta til det kjem tre brot, og då skal du ro til i det tredje brotet», sa Tussen i Brokaskiten.


Lasse var redd for at Tussen ville koma til å mislika det om han ikkje kom, og ein dag løyste han båten og rodde ut til Brokaskiten. Det kom straks tre store brot, og han spente i beten og rodde til i det tredje brotet.


Det bar inn gjennom skavl og skum så han vart mest frå seg, men brått var han komen inn på ei fin vik med kvit sandbotn og grøne bakkar opp frå stranda endå dette var i juletida. Han lende båten i ei stø og gjekk opp til huset og banka på døra. Tussen tok vel imot han og let han koma inn.


Mykje mat stod på bordet, og Lasse laut setja seg til. Men då han hadde sete ei stund og sett kring seg, fekk han auga på ein svær kvernstein som hang rett over hovudet hans etter ein ulltråd.


Lasse vart heilt frå seg av redsle og sprang bort over golvet. Men kvernsteinen flytte seg og fylgde etter kvar Lasse for, og alltid hang han etter ulltråden rett var hovudet hans. No sa Lasse til Tussen at han måtte få koma seg ut og heim, og han klaga seg for denne steinen som hadde skræmt han så mykje.


«Så redd som du er denne kvernsteinen, så redd var eg klodyret ditt som alltid sat og kvesste klørne sine på åresteinen,» sa Tussen i Brokaskiten.

130 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi salar du aareleg gangaren din.

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifr

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv - aa Byrting ha sleje si Dyni ilaas.

bottom of page