top of page

Tussesagn fra Tysnes

Forfatterens bilde: fornsednorgefornsednorge

Frå Johannes Heggland: 'Tysnes. Det gamle Njardarlog'. Bind 2. Nytt opplag 1992. Segner frå Tysnes, samla ved Sigurd Brottetveit.


So var det ein annan gong. Det var han far som såg det den tid han var smågut. Det var åg ein tusse. Eller ein huldrakall. Jau, ungane heldt til bortunder brekkene, dei, og leika seg som ungar plar gjera. Borte ved Ormasmoget dei kalla, sit ein liten grå huldremann. Ja, eg spår det. Det var midt på ljose dagen. Han rikka seg ikkje av flekken. Vart sitjande der han sat. Det var dagen som var komen på han. Men det munde vera moro for ungane. Dei kom ikkje heim att før det leid langt på dag. Jau, det var dagen som var komen på han. Dei er blinde då! So sat han der og venta på kvelden, vil eg tru. Han heldt vel til oppi haugane ein stad.

Siste innlegg

Se alle

Comments


© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle
bottom of page