• fornsednorge

Áskureidi

Oppdatert: 27. juni 2018

soge fra Fjotland henta frå Johan Jerstads bok Fjotland Sogebok øvesett av Tore Torson Galdal

I Knaben er tvo steinar : Silingsteinen og Fylingsteinen. Med den fyrste sila og avsila áskureidi jolaftan, og dá duna det i tunet og husi riste. Med Fylingsteinen gjekk dei frá eit nyfyla fyl ein gong. Og ho avsala med Reidsteinen i Uborgsheidi. Ho tok med seg ei gjente derifrá ein gong, men ho kom att. So sala ho av i Ása. Ei jolaftan skulde dei i budi etter lefse og ság áskureidi kom aust pá Kreglelidi. Og fyrr dei var inne att, var ho i tunet. Pá dei gamle tuftene pá Røyland, der Oskar bur, skal det vera drepen ein mann, og der avsala áskureidi. Dá Adam budde der, kasta ho salen pá toka, so det skok i heile huset.


Tolleisfolket i Eftestøl var gjestebod hjå nabuen anndag jol ein gong. Det stod ei ølskál i omnsromet dá dei for. Dá dei kom att, hadde áskureidi vore og skvett ølet ut yver tilet. Det som var att i skála smaka som mariamig. Pá Veggeland ság Ingerid i Krogan áskureidi for ut Myre, og Torborg i Runná meinte òg ho hadde høyrt henne. Pá Solbjør i Kvinesdal kom reidi inn pá tunet. Men dá heiv dei seg i sengene og drog klædi yver hovudet.


Dei sette kross pá kjer, smørambrar, lefsekorger, kornbingar og buder. Dei var redde at áskureidi skulle ta hestane og krossa difor stalldøri. Det var godt á brenna krossen inn. Og so varna dei seg soks og byrsa og Sigmunds-svipa. Jolaftan sa dei : " Ud Guyro Gunnársdote! Hør er soks, hør er sverd, hør er Sigmunds-sviba".


Guyro Gunnarsdotter styrde ferdi. Tolleis-Maria kalla henne Guyro Gunnarsdotter Vigmostad. Ho var svære. Nár ho sat pá hesten, nádde føtene ned pá marki. Ho var lausagtig og slid etter lausagtige menner og spillemenner.


Det var ei gong ein mann som var mo áleine pá stølen. Kjeringi var heime etter mat. So kom Guyro Gunnarsdotter til han i hamen til kjeringi. Og mannen trudde det var kjeringi, like til dei skulde legja seg um kvelden og ho skulde breida upp sengi. Dá fekk han sjá hesterumpa, som ho ikkje kunde løyna. Men dá var det ikkje lenge fyrr ho mátte på dør.


Det var i øvre Kvinlog i joli. Mor og dotter skulde ut um kvelden og var komne i fosstudøri. Dá høyrde dei áskureidi koss ho kom nord med Geiskoli. "Det er best me gjenge inn atte", sa mori. Men fyrr dei var komne inn att, var áskureidi i tunet. Dei kasta salane i auren so det skangra, og so la dei pá loftet og tappa øl og drakk. Og dá dei kom át stallen um morgonen, var hesten so sveit at skomet stod av han. Dei hadde havt han og mest sprengride han.


So var det ein annan gong. Det var pá Kvinlog det òg. Áskureidi kom inn pá tunet, og mannen stod pá dørsteinen. So høyrde han korleis dei tala seg imillom at dei vilde inn og ta barnet hans som lág i vogga. So skunde han seg inn og tok upp barnet og la eit jarnstykke med kross pá i staden. Áskureidi kom inn, men dá dei ság krossen mátte dei ut att.

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle