top of page
  • Forfatterens bildefornsednorge

Eigedom

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.


Eige bu er alltid best. D’er betre å eiga enn alltid leiga. Det vil alle høyra kva vi har, og ingen kva vi tar(v). Liten brunn er snart oppaust. Små fuglar verp små egg. Ein kan leva vel med lite og ille med mykje. D’er fåfengt å vera rik der ingen fattig finst. Rikdom er ofte lasta, men aldri vekk kasta. D’er fleire som spør etter rikdom enn etter visdom. Rikdomen kan ein dølja, men armoda ikkje. Rike folk slepp allstad inn. Den fattige fanger reven, den rike får skinnet. Det finst ofte fagnad i fattig mann hus (og sorg under silkeklede). Når ein fattig vert rik, vert han fan lik. Den som har pengar, får alltid pung. Fisken bit best på sølvkrok. For pengar får ein alt utan godt vêr. Den som sår pengar, han haustar armod. Lett fengi er lett gjengi. Lettast tent er lettast tært. Gjeva ei skei og få ei skjeppe er ulikt. Ein klipper ikkje sauen lenger enn til skinnet. D’er mange som tar(v); det vert ikkje mykje åt kvar. Fattigdommen er stor, men så er det mange om han. Dei fleste vil ha det beste. Ein lyt mangt i nauda lata. Det kjem inkje heilt or ulvekjeften som i er komi. Det vil gode ord til å selja vonde varer. Det vil kvar ha noko for sitt. Klenaste varene er dyrast. D’er alltid dyrt som inkje duger. Dyrt og godt er ingen til spott. Ein kan kjøpa gullet for dyrt òg. Den som kjøper alt han ser, han får gråta når andre ler. I kjøpmannskap gjeld ikkje brorskap. D’er godt byte som er båe til bate. Byte skal vera til bate for to og ikkje for ein. Det er ringt kjøp som to taper på. Den som vil by byte, skal òg seia lyte. Lån er inga gåva. Lån skal gå lytelaust heim. Lån skal koma leande att. Lån er to manns lukka når det kjem heim i høveleg tid. Ein låner sin ven og krev sin uven. Annan manns øyk er alltid sterk. Lån og leige er inga eige. Skulda vaker medan mannen søv. Tiggarstaven er tung å bera. D’er betre å bede enn å stela. Når mange tiggar i ein sekk, så vert han vel ein gong full. D’er alt godt som gjevi er. Gjeven gamp skal ein ikkje sjå på tennene. Den som gjev skal teia; den som får skal seia. Han unner liv som noko giv. Altfor romhendt står atter tomhendt. Ein skal så gjeva at ein sjølv kan leva. Ein skal ikkje gjeva bakar-barnet brød. Det er lett p gjeva som ein ikkje gjer med. Kråka gjev ungane sine det ho ikkje vil ha sjølv. Når ein ikkje får, så slepp ein takka. Venene er mange, fanget er berre eitt. Han har alltid noko å føre bera, som inkje godt vil gjera. Når den eine stakkaren hjelper den andre, så ler englane. Han hjelper to gonger som hjelper i nauda. D’er ilt å angra på velgjort. Ho mel den kverna som ligg under òg. Den som går ubeden til, går utakka ifrå. D’er godt å symja når ein annan held opp haka. D’er lett å rista breie reimar av annan manns hud. Ein tru træl skal ein løna vel. Gåve skal ikkje venta attergåve. D’er mangt avgjort som ikkje er avtala. D’er mangt ubundi som held. D’er betre tala for tidleg enn for seint. Gode føreord gjer gode etterord. Skilord bryt lova. Skifta vaker om mannen søv. Når skulda er kvitta, er mannen fri. Når barnet er daudt, er fadderskapen ute. D’er ingen forbodi å leita på allmenningen. Allmenningsverk er ofte vangjort. Det alle skal gjera, vert aldri gjort. Det gror ikkje gras i allmenningsvegen. Sameige vil sjelden aukast. Den som byter, skal bia til siste luten. Den som skal byta med bjørnen, han får ikkje like luter. D’er betre inkje med rett enn noko med urett. Ærleg vinning varer lengst. Ein uærleg skilling et opp ein dalar. Nøyen rekneskap er lang venskap. Ille fengi er snart gjengi. Det fer med sorg som med synd er sanka. Ein vert ikkje full fant før ein har lært noko. Det vert ingen fant minder han hjelper til sjølv. Tjuven byrjar med nål og endar med sølverskål. Det vert ikkje andre tjuvar hengde enn dei som ikkje stel rett. Stortjuvane frir seg sjølve. Dei små får hanga, dei store får ganga.

22 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi salar du aareleg gangaren din.

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifr

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv - aa Byrting ha sleje si Dyni ilaas.

bottom of page