top of page
  • Forfatterens bildefornsednorge

Gjerning og yrke

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.

Ein lever aldri så lenge, ein ei har noko ugjort. D’er godt ha noko ugjort, når ein ikkje skal døy. Vil du eta med lyst, skal du streva fyrst. Skal ein få det ein lyster, får ein gjeva det ein ikkje lyster. Ugjord gjerning får inga løn. Ein skal ikkje venta vinninga før verket er gjort. Ei flygande kråka får noko, ei sitjande ikkje noko. Ein kjem ikkje på fjellet med ein flat veg. Det er alltid frosen jord for late grisar. Den som vil ha kjernen, skal bita skalet. Late armar og tomme tarmar høver vel i hop. Yrkelaus er sjelden lastelaus. Ein annan gong er ein skalk. Han misser inkje som fyrst får. Den som kjem fyrst åt kverna, får fyrst mala. Han vert mangevis, som årle ris. Når sola går i vest, gjer den late mest. For seint er forspilt. D’er seint å snyta seg når nasen er av. D’er godt det går fort, d’er betre det er vel gjort. Jamt og smått er likast i lengda. D’er mange fet før mila er full. Han vinn som trå er, og taper som brå er. Trotten vinn alt. Den som trøyter alna, kan òg trøyta spanna. Han får ein gong bør som biar. Han slepp å brenna seg som biar til det kolnar. Det er betre seint enn aldri. Vel byrja er halvgjort. Han skal grava djupt som vil byggja høgt. Ein skal byggja på tufta og ikkje i lufta. Ein skal alltid gjera eitt i senn. Ein skal fyrst ro føre neste nes. D’er fyrst best når vondt skal vera. Ha tyngste taket fyrst og beste beten sist. Den som jagar to harar, han fangar ingen. Den som har mangt i sinne, slepper mangt or minne. Den som har mange jarn i elden, han brenner somme av dei. Den som lærer ti handverk, han kan ikkje eitt til gagns. Hag hand får mangt i stand. Unge folar gjer krokute forer. Verste skarve-merra slit meste reiskapen. Det trengst ingen meister til å moka fjøset. Det fell inkje tre med fyrste hogg. Ein lyt krypa til dess ein lærer gå. D’er godt verd som er godt lærd. Han vert alltid mann som noko godt kan. Utlærte folk kan òg fuska. For mykje lærd er lite verd. Berre bok gjer ingen klok. Kunsten er lett å bera. Det duger ikkje ufreista. Det hjelper ingen tanke utan tiltak. Fyrste taket er tyngst. Den som sjelden ror ut, han sjeldan fiskar. Den som vågar seg på hålisen, får halda fram. Den som seier "A", får òg seia "B". D’er vondt å ta seg vatn over hovud. D’er betre ufreista enn ille gjort. D’er alt leitt som lenge varer. D’er inga vise så ven, ho vert ikkje lei i lengda. D’er klen spelar som ikkje kan meir enn ein slått. Det har mange vide vanka og lite sanka. Dørstokk-mila er lengst. Di større skrei, di stuttare lei.

28 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi salar du aareleg gangaren din.

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifr

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv - aa Byrting ha sleje si Dyni ilaas.

bottom of page