top of page
  • Forfatterens bildefornsednorge

Manns vilje og verk

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.

Det hjelper ingen vilje når makta vantar. Tre ting trengst til alt; d’er makt og vit og vilje. Ein tøyer seg ikkje lenger enn labben rekk. Kvar fugl syng med sin nebb. Ei lita hand kan gjera stor hjelp. D’er mang ein lang og lat, og mang ein liten og kvat. D’er leitt ha sterke armar og inkje te gjera. Verjelaus mann er vonarlaus. D’er betre ei ukvass øks enn inga. Ein syr ikkje silkepung av hampegarn. Det som er skapt til skilling, vert aldri dalar. Det som gagnar, er godt nok. Når det beste kjem, må det gode vika. Når sola skin, skøyter ingen om månen. Han et ikkje borte som brød har. D’er ilt å stø seg på ein broten stav. D’er ilt å ro når åra er av. Ureint vatn sløkkjer òg ein brann. I svolten er det svarte brødet søtt. D’er inkje så gale, det ei godt til eitkvart. Når grinda står open, er garden unyt. Det veks ikkje aks på alt som sått er. Det går ikkje alt fram som freista er. Ein skal ikkje klå der det ikkje kleiar. Kappspringa med kalvom og kjekla med kjerringa er fåfengt. D’er leitt å gå vegen og gløyma ærendet. Pløya og inkje så, fria og inkje få, og sigla med ingen vind, er tre gagnlause ting. D’er lett å vera god når det inkje kostar. Det er lett å vera kar når det ingen er å kappast med. Den einøygde kallen er konge blant dei blinde. Kråka er beste fuglen der ikkje fleire finst. D’er vondt å få det alle vil ha. D’er vondt å få vogn der alle vil aka. Tid og tilfelle har ingen i handa. Ein vinn meir i ein heppen time enn i ti års teneste. Det renn mykje vatn medan møllaren søv. Børen blæs om ikkje siglaren ser det. D’er ikkje vandt om høy i slåtten. Den som tek når det bydst, han har når det ikkje bydst. Ein skal bøya treet medan det er mjukt. Ein skal skjera medan skjært er. Ein skal hamra jarnet medan det er heitt. D’er leitt å ha valet og ta skalet. D’er leitt å stå i lyset og mørkja seg sjølv. Det kan ikkje alle få største stykket. Kor vinden blæs, er det ein som får andror. D’er inkje tre så reint det ei har ein kvist. Ein får ikkje kasta kornet bort om d’er anger i. Ein god hest er ikkje vanda for eitt lyte. Ein lyt lida røyken for elden skuld. Den som strevar åleine, han et åleine. Ein kan ikkje både gifta dotter si bort og ha henne heime. Ein kan ikkje ha både rømmen og smøret. Det eine gode kaster ikkje det andre ut. Det er alt godt som er ein til bate og ingen til skade. D’er godt ha vinnings vona. Når det regner på presten, så dryp det på klokkaren. Det hjelper lite at kua mjølkar, når ho spenner bytta i koll. Det ein vinn, det taper hin. Ein manns skade er stundom annan manns bate. Det er ingen ting så gale det ei er godt for noko. Han spelar best som vinn. Ein skal ikkje gjera seg til bikkje for eit beins skuld. Når kua har mist rova, så ser ho kva ho dugde til. D’er inkje mist som inkje er sakna. Han misser inkje som inkje har. Han misser mest som minst har. Den som inkje vågar, han inkje vinn. Den som vågar, han anten vinn eller taper. Hugheilt våga er halvt vunni. Ein skal ikkje våga alt på eitt kast. Ein leikar så lenge med katten at ein får kjenna klørne hans. Fluga flyg så lenge om lyset at ho brenner vengene av seg. D’er vissa ein har og vona ein får. Ein veit kva ein har og ikkje kva ein får. Fuglen er ikkje fanga med det at han er funnen. Ein fugl i handa er betre enn ti på taket. Rosa ikkje fisken før han er på disken. Ein skal ikkje selja huda av bjørnen før han er skoten. Ein skal ikkje rosa dagen før enn kvelden er komen. Ein skal ikkje kasta dei gamle skorne før ein har dei nye.

225 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi salar du aareleg gangaren din.

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifr

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv - aa Byrting ha sleje si Dyni ilaas.

bottom of page