• fornsednorge

Nylig sagn om tusser

1995, Aslaug Høydal (f. 1916).


Dei tvo seinaste krigssumrane sat eg på staulen i Skorvefjell. Eismal med kyr og geiter. Det var ellers ikkje stor buskapen, sju - åtte kyr og kring tjuge geiter.

- Er det ikkje oskelig? Folk frå bygdi spurde.

- Oskelig, når eg hev Fribot og geitene med meg. Og tussane, tenkte eg lågt. Dei var med og gjorde livet rikere rundt Tjønnstaul.

Her var alt liksom tillaga for bergfolki. Ei kolsvart tjønn, bratte berget ovanfor, haugar med tre og buskar tett inntil staulen.

Jau, eg såg tussane i små skimt, smatt og gøymde seg. Leika ein slags gøymeleik med staulesjenta.

Ein dag, eller kveld vart det meir enn skimt. Eg stod utanfor selet, venta buskapen heim. Og der kom dei, på slaget åtte, slik eg var vane med.

Geitene føre og kyrne etter. Men so mange, breidde seg til kantene. Ivi heile haugen, ned til tjønni, og bort på ei stor myr. Rart. Det hadde aldri kome framand buskap til Tjønnstaul før. Men dei måtte høyre til på Breikvam, ein staule lenger ut på fjellet.

Eg fær ned og skilje dei ifrå, tenkte eg.

Men so rart at dei ikkje rautar, eller prøva makti si på kvarandre. Noko som er vanleg når framande buskap møtest. Vilt dragsmål millom kyrne, knatting og snåslagsmål med geitene. Her gjeng dei fredeleg om einannan.

Ser ut som dei har vore i lag heile sumaren.

So fine kyr, droplute ivi heile sidene. Blanke rostur i alt det kvite. Slette i håri. Slik kyrne skal vera når dei hev gode beite. Å, so mange, eg skulle gjerne havt so stor buskap. Men eg må nok sende dei frå meg med sama. No spring vel hjuringane og leitar etter kreturi sine, redde og ut av seg.

Eg nøyter meg ned bakken, ned på ei slette. Skjønne, Løyne og dei andre geitene stimar rundt knei mine. Og der kjem kyrne ruggende, Fribot, Fagermøy, Stasbot, Heimros -, snusar etter salt.

Men framandkyrne og geitene? Med eitt er dei borte. Ikkje att ei kyr på den store myri ein gong. Kvorve attende til haugar og berg, der dei høyrer heime.

Eit lite vonbrot med sama. At eg ikkje kunne få ha dei ei beiti til. Klappa ei tussekyr, sete med kjei i fanget. Det hadde vore noko det -- Dei droplute sidene på kyrne, eg ser dei enno. Telemark-andlet ivi heile.

Dei finaste av alt.

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle