top of page
  • Forfatterens bildefornsednorge

Tale og Togn

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.


Det seier mange av Sankt Olav som ikkje har sétt han. D'er mangt ein skal høyra og ikkje herma. Ein kan ikkje vega alle orda på gullvekta. Ein seier stundom sannere enn ein sjølv veit. Eit godt ord er like snart sagt som eit vondt. Gode ord gjer stundom store verk. Gode ord mettar ingen mage. I snakk går allting fort, det er ikkje så snarleg gjort. Frå ord og til verk er vegen lang. Han skal teia som har inkje å seia. Ein veit ikkje kvar nautet er, før det rautar. Kunne gapen teia, så trudde folk han var klok. Han fortalar seg ikkje som teier. D'er fleire som forsnakkar seg enn som forspør seg. Ein må noko seia når ein ikkje får teia. Det angrar fleire på det som sagt er, enn på det som tagt er. Mangt er sagt som kunne vera tagt. Den som inkje kan løyna, får lite høyra. D'er tid til å teia og tid til å tala. D'er betre eitt ord i tide enn ti ord i utide. Eitt ord for mykje set mannen fast. Det flyg no mykje som ikkje er fugl. D'er tungt å bede lenge om lite. D'er endå godt å få råd til å låta ille. Det tykkjer kvar sitt mein sårast. D'er alltid så ymis læte; somme vil vind og somme vil ha væte. D'er betre å spørja to ganger enn fara vilt ein gong. Ein gap kan spørja meir enn ti vise kan svara. Inkje svar er òg eit svar. Så som ein ropar til fjellet, så svarar det. D'er råd imot uråd. Ein skal ikkje rosa råda før ho er røynd. Skal ein byggja etter kvar manns råd, kjem det aldri tak oppå. Det vitnar ingen sannere enn han veit. D'er vandt med vitnelaust mål. Sanning treng inga banning. Manns ord er manns ære. D'er betre ulova enn ille haldi. D'er betre brått nekta enn lenge lova. Store ord drep ingen mann. Dess meir ein bannar geita, dess betre trivst ho. Det leggst alltid vise til for den som kveda vil. Det tryt ikkje trette for den som hava vil. D'er sjeldan ein er skuld i at to trettast. Den steinen som alle spyttar på, vert ein gong våt nok. Han finn alltid lyte som leitar. Det er ein klen hugnad at andre òg har gjort ille. D'er ilt å ha annan manns mein til moro. Lat folk røda, dei sjølve møda. Han gjer vel som vil vaska meg bak; framme når eg til sjølv. Ein lyt stundom lova det ein ikkje likar. Ein fangar fisk med agn, og folk med fagre ord. D'er ulveskinn under saueskinn. D'er farlegaste fienden som ven læst vera. To tunger i ein haus er for mykje. Det som kjem frå hjarta, det går til hjarta. Når ein sjølv vil skreppa, så kan andre sleppa. Store ord og utøvde vottar vil alltid krypa i hop. D'er leitt vera stor heime og liten borte.

33 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Herr Byrting og alvekvinna, 4. versjon

Oppskrift 1912 av Rikard Berge etter Hæge Findreng, Kviteseid, Telemark. 1. Herrepær, Herrepær sonen min -Til liel liel lonken min - kvi salar du aareleg gangaren din.

Herr Byrting og alvekvinna, 3. versjon

Oppskrift, udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter, Lårdal, Telemark. 1. Ho klappa på dynni mæ finganne små -Me lindi ber løv - statt upp Libyrtingjen skrei lokur ifr

Herr Byrting og alvekvinna, 2. versjon

Oppskrift 1840-åra av Olav Grasberg etter Olav Glosimot, Seljord, Telemark. 1. Elveqvinda kom seg i Byrtingens Gaard -Mæ Lindi ber Løv - aa Byrting ha sleje si Dyni ilaas.

bottom of page