• fornsednorge

Tanke og Røynsle

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke, Knut Liestøl, 1962.


D'er er aldri verre enn vite lite. D'er bedre vite rett enn vona rangt. Det som ein veit, kan ein varast for. Det lytet ein ikkje veit, er verst å vøla. Ukjend sykje er låk å lækja. D'er vondt å va, der ein ikkje ser botnen. Når ein vesal er vis, og ein styven sterk, så duger dei vel til kvar sitt verk. Visste hesten si makt, så let han ingen rida seg. Det som vantar i vit, får lukka fylla. Når ein gap læst vera vis, vert han fyrst til lått og glis. Visdommen kan ein dølja, men dårskapen ikkje. Når vitet er er minnst, er viljen størst. I vanden skal ein vitet røyna. D'er bedre vit enn venleik. D'er vondt når vitet vantar. Galne folk skal ein gå or vegen for. Gammal hest hittar vegen best. Gammal rev er vond å veida. Han kjenner bikkja som biter den. Han skal mykje røyna som lenge skal leve. Han undrast mykje som lite vet. Den lite veit, han lite gløymer. Han er blindast som inkje vil sjå. Auga vil vera der som kjært er, og handi der som sårt er. Han vert ikkje vis som ikkje er forviten. Forviten vert ikkje alltid fegen. D'er vondt å tru alle; d'er verre å tru ingen. Det vonde er bedre gløymt enn gøymt. Vonde tanker skal ein møte på dørstokken. Kom alle tanker fram, fekk mange last og skam. Tanken er ikkje god å tøyma. Tanken har vide vegar. D'er band for talen, men ikkje for tanken. Det er ofte troll i ord. Den som spår, han anten lyg eller seier sant.

Siste innlegg

Se alle

© 2018 FORN SED NORGE

  • Facebook - White Circle